søndag 27. februar 2011

Vinterkyss

Vinterkyss er ein norsk film som er regissert av Sara Johnsen. Filmen kom ut i 2005 med Kristoffer Joner og svenske Annika Hallin som hadde hovudrollene.

Den handlar om ei dame som heiter Victoria, som går frå å vere ein vellykka kvinne med bra jobb og har stiftet seg ein familie, til å takle sonens dødsfall og splitting i familien. Midt oppi denne sorga dukkar det opp kjærleik mellom ho og ein pasient.

Ein tidelig vinter morgon finn to barn ein ung mann død i snøen i mens dei leker i snøen. Under etterforskinga på dødsfallet får lensmannen ein mistanke om at den døde kan ha blitt treffet av plogen på brøytebilen. Mistanken spreier seg på brøytebilsjåføren Kai, som Victoria er i eit forhold med.
Kai kjenner ikkje til bak historia til Victoria, og det blir for mykje å takle når ho møter dottera og bikkja til Kai. Ho klarer ikkje å gi slipp på saknet og sorga over hennes son. Ho er fylt av en hel masse spørsmål som ho ikkje får svar på.

Filmen ikkje som dei vanlige Hollywood filmane ein ser no til dags. Undervegs i filmen kan bli litt frustrert om sonen verkelig er død eller ikkje, og kva som eigentlig forgår med hovudpersonen Victoria. Men mot slutten kjem det mange svar, men det er framleis ein litt open slutt.